Det vil seg ikkje for Rosseland for tida. Laurdag gjekk dei oransje på årets første heimetap då Varhaug kom på besøk. Heimelaget tok leiinga ved Andreas Time, men måtte sjå gjestene utligna før pause på eit skot som skifta retning i målscoraren. Marginar i mot forsette i andre omgang, uforståeleg at ingen av dei tre i dommertrioen såg det same som dei drygt 250 andre på Rosselandsbanen. Først då Sondre Hovland vart lagd i bakken på ei kontring og ikkje minst då ballen vart stoppa av ein grøn underarm i straffefeltet. Varhaug tok best vare på sjansane og då toppscoraren fekk stå åleine å styra inn 1-2 vart det ny siger for dei grøne. Opprykkstoget tøffar vidare for Varhaug etter tre nye poeng, Rosseland bør snart plukka opp poeng om det ikkje skal bli nedrykkskamp i siste runde mot Vaulen. |