Rosseland kom skeivt ut i årets første treningskamp i vinden på Varhaug. Heimelaget var effektive og utnytta at det var lenge sidan sist dei elleve oransje hadde spelt kamp i lag. 3-0 etter eit kvarter stod seg til pause, men kampen vart meir og meir jamnspelt etter som gjestene fann føtene. Eit mål til begge lag i andreomgang ga 4-1 til slutt, Leander Egeland scora 3-1 på eit flott langskudd. Sem Aleksander Bergene debuterte i RBK-målet, Edvard Aarstad Rasmussen og Vetle Birkedal spelte sine første omgangar i oransje og junioren Eirik Gundersen kom inn som innbytter til sin A-lagsdebut. |