Rosseland gjorde mange endringar i startellevaren frå kampen mot Randaberg to dager tidlegare. Lite fungerte før pause, men laget spelte seg til nokre gode sjansar. Even Aasen heada inn 1-0 på corner, Brusand utlikna rett før pause. Andreomgang var betre for heimelaget. Eit mønsterangrep ga 2-1 tidleg, før ein handssituasjon ga straffe og raudt kort. Rosseland køyrde over Brusand 11 mot 10 dei siste 20 minutta og burde vunne med fleire mål. Fin gjennomkøyring og mykje speletid til alle. |