Etter ein jevn og sjansefattig første omgang på Undheim, tok Rosseland over banespelet og skapte fleire store sjansar i starten av andre omgang. Mot slutten gjorde begge lag ein del bytter og kampen bølga voldsomt i sluttminutta. Bryne var farlege på kontringar og Rosseland var tunge på dødball. Superveteran Svein Arne Monsen viste at dei at gamle var eldst då han sette inn 0-1 på corner eit minutt før full tid. |