Den siste treningskampen før NM kval. og seriestart vart flytta frå Rosseland til Hommersåk pga snøfall, og kom i gang litt seinare enn oppsett. Rosseland var gode og effektive før pause. Even Aasen pirka inn 0-1 etter eit strålande angrep og Einar Lye dobla leiinga like etter. Vetle Myhre kom inn for heimelaget og brukte ikkje mange minutta på å redusera til 1-2. Teo Vagle kom og inn og prega kampen med si 1-3-scoring. Riska reduserte til 2-3 rett før slutt. |