Varhaug og Rosseland spilte 3-3 i eit nokså tamt lokaloppgjør lørdag. Varhaug starta kampen best og banens beste spelar Jan Ove Hobberstad serverte Richard Madland, Bjørn Ingvar Kydland og Tommy «Owen» Sletten store målsjansar, men ballen ville ikkje i mål. I staden var det Rosseland som tok leiinga då Lasse Johannessen utnytta svakt forsvarsspel av Varhaug og enkelt trilla inn 1-0. Kort tid etter var Sjur Stangeland nær ved å doble leiinga, men ballen traff stolpen. Etter 24 minutt var det så klart for ein fortjent utlikning då Jan Ove spelte fri Tommy som denne gong sette ballen i mål. Fem minutt seinare tok Rosseland leiinga nok ein gong ved Lasse Johannessen, som denne gong var framme på ein retur etter at Varhaug-keeper Torbjørn «Tobben» Haugstad hadde redda eit skot frå Ørjan Johansen. I starten på andre omgang fyrte Ørjan Johansen av eit kjempeskot som «Tobben» redda via tverrliggaren. Utlikning til 2-2 blei da Tore Dubland kom på eit fint raid langs kanten og innlegget hans enda opp hos Jan Ove som igjen fann Richard Madland som elegant drog seg forbi ein forsvarar før han sette ballen i mål. 3-2 til heimelaget kom på straffe ved Morten Thunshelle etter at Gøran Håland vart felt. Rosseland skulle på slutten få si fortjente utlikning også den på straffe etter at Morten Sørensen blei felt. Straffa sette Sverre Aune i mål. |