Dei gamle var eldst mot eit ungt Klebe-lag og Rosseland vann svært fortent i den siste heimekampen før ferien. Toppscorer Svein Arne Monsen slo til med to scoringar før banens beste, Even Sel, jubilerte med sitt 50. A-lagsmål for dei oransje. 3-0 til pause vart til 4-0 då Vetle Svalestad Hovland plasserte inn Monsens gode forarbeid. Cato Hansen leika inn 5-0 før heimelaget tok foten av gasspedalen. Laget hadde gode sjanser til å auke, men i staden for fleire mål fekk Klebe eit trøystemål i sluttminutta. 5-1 og speletid for alle i 18-mannstroppen lovar godt før den siste kampen før ferien - borte mot Klepp 2 måndag. |