Rosseland spelte ein god forsvarskamp og heldt nullen mot eit godt og ballsikkert Eiger-lag torsdag. Dei raude frå Eigerøy hadde to skot i metallet etter dødball, men spelte seg ikkje til alt for mange målsjanser før i sluttminutta. Preben Hellvik fekk to gule mot slutten av oppgjeret, men Rosseland stod i mot med 10 mann. Ein strålande opplagd Jarle Madland utmerka seg i midtforsvaret, men samtlege involverte skal ha stor takk for innsatsen som vart lagd ned mot serieleiaran. 0-0 er eit sjeldant resultat for Rosseland i seriesamanheng (15. september 2018 mot Skjold var sist det skjedde), men dei nær 200 tilskodarane mangla ikkje underhaldning. Tøffe duellar, gule kort, høgt tempo, tidvis godt spel og hard kamp om poenga heilt inn sette ei fin rame rundt toppoppgjeret. Rosseland mangla fleire spelarar til kampen grunna sjukdom og langtidsskader. Det var difor ekstra kjekt at 17 år gamle Leander Egeland gjorde ein solid kamp på høgrekanten, til krampa tok han etter 90 minutts intens jobbing, i debuten frå start. Gledeleg var det og at veteran Per Haugland erstatta 17-åringen då han gjorde comeback i dei hektiske sluttminutta. |