Rosseland fortsette der dei slapp på måndag då Vardeneset vitja Rosselandsbanen torsdag. Dei oransje heldt nullen og scora tri på laget frå Stavanger. Målscorarane Geir Dahle Høyland (2) og Peter Aarrestad Time spelte begge ein kjempekamp for heimelaget, som fekk brukt for heile benken mot VBK. To kampar på tre dager er ikkje optimalt på denne årstida, heile fire spelarar måtte ut med muskelskadar. Dei som kom inn gjorde manns jobb, ekstra kjekt at Kristen Reime og Tommy Eide Møster leverte solide comeback etter lange skadeavbrekk. No venter halvanna vekes restitusjon før siste bortekamp mot Vidar 2 og sesongavslutning mot Vaulen. Sigeren torsdag sendte RBK over Vardeneset og Klepp på tabellen. |