Rosseland avslutta sesongen på fenomenalt vis med 12 poeng og 17-2 i målforskjell på dei siste fire kampane. Sesongavslutninga mot Vaulen vart ei kald oppleving i sur novembervind, men scoringar frå Svein Arne Monsen (str), Geir Dahle Høyland og Herman Rasmussen varma. 3-1 var ikkje meir enn det burde vere mot nedrykksklare Vaulen, gjestene var godt organiserte og flinke til å forsvara seg. Vetle Hovland var best hjå heimelaget og fekk årets siste gåvekort frå Frisørsenteret. Det vart femteplass på den endelege tabellen i 4. div 1, trygt plassert føre gode lag som Vardeneset og hardtsatsande, lokale rivalar som Klepp, Ålgård og Frøyland. Dette er truleg nok til å få NM-kvalifisering neste år. |