Rosseland kom tilbake og snudde 0-2 til 4-3 i lokaloppgjeret mot Bryne II fredag. Imre Aune vart tomålscorar, Jarle Madland og Geir Dahle Høyland sette inn 2-2 og 4-3. Den siste treningskampen før NM kvalen mot Ålgård vart eit intenst lokalderby med temperatur, ganske mange tilskodarar og litt prestisje i potten. Bryne starta best i den kraftige medvinden, heimelaget styrte mot slutten av begge omgangane. |