Etter seks serierunder utan tap, kom den fÞrste smultringen borte mot opprykksfavoritt Madla. Gjestene stod godt i mot i ein tidvis jevn fÞrsteomgang, og hadde et par gode sjansar til Ä ta leiinga. Madla hadde og sine sjansar, Sem Aleksander Bergene storspelte bakerst hjÄ Rosseland. Etter kvilen hadde ikkje Rosseland same intensitet og guts som dei siste 40 i fÞrste omgang. Dei oransje stod ganske passivt og sÄg pÄ dÄ heimelaget trÄkla seg fri pÄ hÞgrekanten. Rosseland-spelarane var utspelte og blokkeringa frÄ Svein Arne Monsen gjekk i eige mÄl berre tre minutt ut i omgangen. BaklengsmÄlet tente Rosseland-spelarane og laget satsa litt meir framover for Ä fÄ utlikninga. Det gjekk ikkje mange minutt fÞr det ga uttelling. Eit godt frisparkinnlegg frÄ Truls Vagle gjekk over alle og inn i mÄlet. 1-1! Madla var ikkje ufarlege. Den ballsikre opprykksfavoritten kom mykje rundt pÄ kantane og Preben Erland prÞvde skotfoten bÄde titt og ofte. Bergene rydda opp i det meste og var gjestene sin klart beste speler torsdag. Ti minutt fÞr slutt mÄtte sjÞlv Bergene melde tapt. Eit skot, som nok var pÄ veg utanfor mÄlet, traff Peter Time i ryggen, og trilla inn i det tomme mÄlet til stor jubel frÄ heimelaget.
Nevnte Time vart sett fram pÄ topp for Ä jakta ny utlikning og kapteinen kunne redda eit sterkt poeng Äleine med Madla-keeperen pÄ overtid. Keeperen redda skotet og to poeng for Madla, Rosseland mÄtte reisa tomhendte heim. |