Rosseland starta målfesten allereie etter eit minutt då Vetle Apneseth lobba ballen over keeper og inn i tomt mål. Kristen Reime auka til 2-0 før Apneseth var på farten att og smalt ballen i nettaket etter ein dryg halvtime. Gjestene skapte lite framover, men me noterte eit skot på mål og ein halvsjanse etter corner.
Ettet kvilen gjekk det berre tre minutter før det stod 4-0. Tasta-forsvaret hang ikkje med, midstopparen var uheldig og sette blokkeringa i eige nett. Sondre Hovland fullbyrda målshowet då han vart flott sett opp av Svein Arne Monsen midtvegs i omgangen. Åleine med keeper gjorde Hovland det Monsen ikkje greide minutter seinare - å setja ballen i mål. Monsen sette eit straffespark rett på keeper like etter scoringa, kampen enda dermed 5-0. |