Torsdag tok Rosseland oppskriftsmessig seg av eit Klepp-lag som har hatt det tøft den siste tida. Heimelaget hadde mykje ball, men sleit med den avgjerande pasninga og avslutningane. Etter pause løsna det. Vetle Johannesen Apneseth gjorde det meste sjølv og sette inn si femte seriescoring. Truls Sælevik Vagle dobla frå straffemerket like etter, og då Vetle Hovland heada inn Vagles corner var sigeren i boks. |