Det tok litt tid før Rosseland kom i gang mot den desiderte jumboen i divisjonen. Etter ti minutter fann dei oransje vegen til Lura-målet for første gong. Sidan gjekk det slag i slag. Seks mål før pause, sju etter. Heimelaget gjorde som dei ville mot svak motstand, den største utfordringa møtte dei oransje i eigne dårlege val føre mål og svake avslutningar. 13-målssigeren kunne vore mykje større om Rosseland hadde køyrt på med sitt beste lag og brukt mindre tid med ballen. Så er det bare å håpa at Lura greier å gjennomføra sesongen slik at resultatet blir ståande og teljande. Dei grøne var berre ti spelarar då kampen starta, i haust venter fire turer til nordfylket. For Rosseland var kampen nyttig for å få spelarar i gang etter ferie. Vetle Apneseth fekk dryge 80 minutt, scora fire i tillegg til nokre assistar og stolpetreff. Sondre Hovland fekk ein omgang tilbake frå skade. Samstundes fekk Kristen Reime, Einar Lye og Even Aasen kvile før den tøffe bortekampen mot Nord om ei veke. Der blir truleg og Herman Rugland med. 20-åringen debuterte med scoring og assist mot Lura etter overgang frå Sola. I midten av måneden reiser både Rugland og Lye tilbake til USA for studier og collegefotball. |