Rosseland var klart best så lenge sola skein på Frøyland stadion. Laget spelte seg til fleire gode sjanser i første omgang, og var spesielt farlege på kontringar. Sondre Hovland ordna fortent 1-0-leiing til pause. Etter kvilen, då sola var på veg ned og fukta la seg i graset, forsvann noko av intensiteten. Rosseland var upresise og veikare i duellane, Frøyland ville meir, og litt ut av ingenting stod det plutseleg 1-1. Gjestene, som ikkje hadde vunne på Frøyland stadion på 31 år, var i ferd med å glippa sjansen igjen. Rett etter Frøyland-scoringa fekk Rosseland ein boost då banens beste, Sondre Hovland, vart stoppa på veg til opplagt scoringssjanse. Raudt kort, men frisparket frå 17 meter vart det ikkje noko av. Frøyland forsvarte seg godt og skapte og eit par store sjansar med ti mann. Rosseland gjekk etterkvart litt tomme, og med ein del bytter og rokeringar forsvann litt av rytmen.
Kaptein Peter Time vart sendt fram på slutten og var nær ved å avgjer, men kampen enda 1-1. Eigentleg eit greit resultat kampen sett under eit. |