Rosseland fekk ein uventa tøff kamp borte mot botnlaget Tasta onsdag. Heimelaget låg stramt og lågt og venta på kontringar. Dei gongene Rosseland hadde uheldige balltap, hogg heimelaget til. Fire gonger måtte Sem Aleksander Bergene ut i fullt strekk og avverga i alt fire feite sjansar med sterke armar, beinparader og blokkeringar med kroppen.
Rosseland sløste og med sjansane. Sondre Hovland og Leander Egeland misbrukte dei største aleine med Tasta-keeperen, som og spelte ein god kamp.
Rosseland hadde betre kontroll og færre balltap i andre omgang, men makta ikkje å setje ballen i mål. Kampen gjekk mot 0-0 då innbyttar Herman Rasmussen kom inn som eit friskt pust i kampen. I sin første kamp sidan november i fjor vart Herman lagt i bakken inni straffefeltet. Truls Vagla har vore sikker frå straffemerket så langt i år og heller ikkje denne gong svikta midtbaneeleganten. 0-1 med fem minutt igjen.
Tasta ville med tap vera eit godt steg nærmare nedrykk og kampen vart etterkvart prega av frustrasjon og desperasjon. Imre Aune lot seg provosera på overtid og fekk sjå det raude kortet etter ein episode der han responderte på eit høgt spark. |