Bortelaget frÄ Grinde hadde mest Ä spele for i fredagens kamp pÄ ein dyvÄt Rosselandsbane. Skjold treng nokre fleire poeng for Ä vera heilt sikre pÄ fornya kontrakt i fjerdedivisjon og opna best. Etter 13 minutt feilvurderte RBK-forsvaret stussen i det vÄte kunstgraset og plutseleg var ein Skjold-spelar Äleine med keeper. Sem Aleksander Bergene har vist storform i det siste og lot seg ikkje lure denne gongen heller. Ein flott beinparade sette i staden i gang ei Rosseland-kontring. Ballen gjekk inn til keeperen i motsett ende, men etter ein glipp havna ballen i beina til Vetle Hovland. FrÄ 20 meter lÞfta han ballen i tomt mÄl og heimelaget tok leiinga. Skjold hadde eit par gode sjanser til Ä svare, men dÄ HÄkon MannsÄker mÄtte pÄ legevakta med kragebeinsskade gjekk litt av lufta ut av gjestene. Rosseland fossa pÄ i takt med regnet. Peter Aarrestad Time fekk tre sjanser pÄ corner. PÄ det tredje forsÞket kunne ikkje kapteinen bomma frÄ to meters hald. 2-0. Jarle Madland smalt inn 3-0 like etter, medan Anders Hognestad var pÄ rett plass og sette inn 4-0 like fÞr pause. Kampens flottaste mÄl kom rett etter kvilen. Truls Vagle fann Sondre Hovland med ein flott pasning i bakrom. Hovland tok ned og dempa pÄ spektakulÊrt vis fÞr han sette inn 5-0 Äleine med keeper. Hovland og Vagle var og sentrale bak Rosselands siste scoring. Hovland vart meid ned i straffefeltet, Vagle var sikker pÄ straffe for andre kamp pÄ rad. 6-0-siger! |