Rosseland var for første gong på lenge store favorittar før lokalderbyet fredag. Dei oransje gjekk rett i strupen på heimelaget og to-tre gode redningar av rossalendingen i kleppmålet, Oscar Gåsland, hindra tidleg leiing. Klepp fekk etterkvart summa seg og dei neste 20 minutta var ganske jamnspelte. Så tende Rosseland på alle sylindarane og sette fart. Hovland-brørne, Time-brørne og Geir Høyland viste masse vilje, og 0-3 til pause var ikkje eit mål for lite.
Dei to måla til kaptein Peter Aarrestad Time (ein halvvolley etter corner og ei heading på Jarle Madlands flotte innlegg) var kjærkomne og viktige, scoringa til Sondre Hovland kom etter eit mønsterangrep som vart avslutta med ein frekk lobb over keeper, men det er 4-0-scoringa til Even Aasen i andre omgang som vil bli hugsa frå denne kampen. Frå eigen banehalvdel brøyta venstrebacken seg fram, sette fart og køyrde slalom forbi ei rekkje kleppspelarar, før han sette ballen i mål!
Klepp fekk eit trøystemål etter kontring, men var aldri i nærleiken av å ta poeng på eige kunstgras. |