Rosseland spelte ein tidvis god kamp i sitt aller første møte med Randaberg Arena. Laget tok leiinga ved Imre Aune, men hadde fleire store sjanser til å auke før pause. Innbyttar Eirik Gundersen auka til 2-0 i andreomgang, før Randaberg fekk ein scoring fem minutt før slutt. Dei oransje verka pigge til sundag å vere, og hadde mykje ball og god kontroll i eige forsvar. Øyvind Kverneland Braaten og Anders Espeland debuterte for Rosseland. |