Etter 19 sekund sette Sondre Hovland inn 1-0, mot slutten av første omgang auka spissen til 3-1 og 4-1 for heimelaget. Randaberg utligna til 1-1 etter eit kvarter, men etter Truls Vagle si straffescoring til 2-1 såg ikkje heimelaget seg tilbake. Andreomgang vart eit lite antiklimaks med tanke på fleire scoringar, men heimelaget heldt unna og vann kontrollert. Oscar Gåsland hadde ein roleg dag bakerst i debuten for Rosseland. |