Heimelaget flytta ballen seint og Rosseland låg klare til å ta sjansane då dei fekk brudd. Brudd blei det mange av. Sondre Hovland, Geir Dahle Høyland og Kristen Reime fekk mykje plass og rom då ein løpsvillig midtbane la ned dei ekstra metrane for å vinna tilbake ballen. Etter 13 minutt kom Jarle Madland rundt på høgrekanten. For andre kamp på rad vart Rosselands nummer 7 lagt i bakken inne i straffefeltet, og for andre kamp på rad var Truls Sælevik Vagle sikker frå straffemerket. 0-1! På 0-2, like etter, stod Sondre Hovland for kampens prestasjon. I ein heftig løpsduell der Vegard Skjørestad hang etter Hovland som eit slips, gjorde Rosseland-spissen kort prossess på Hana-forsvaret og lurte inn scoring via beinet til keeper Heldenius. 0-2 til pause var ikkje eit mål for lite ut i frå sjanser, sjølv om bortelaget slakka litt av ein periode mot slutten.I andre omgang gira Rosseland opp eit hakk igjen og ga ikkje Hana-balltrillarane fred. Då 0-3 kom etter eit godt slått frispark signert Truls Vagle, var heimelaget i ferd med å gje opp. Etter 0-4, eit herleg tre touch-angrep, der Geir Dahle Høyland avslutt med å chippe keeeper, var det takk for farvel til Hana. Rosseland fortsette å mala på sjølv med komfortabel leiing. Kunne hatt eit straffe til og skapte fleire sjanser til å auke leiinga. Hana fekk berre til eit skot på mål i løpet av 90 minutt. |