Hovland utnytta bakrom og sprang i frå Frøyland-forsvaret ved fleire høve. Tellande resultat blei det etter 11 og 29 minutt. Dei oransje kunne og burde leia meir til pause på det regnvåte kunstgraset på Frøyland. Frøyland-trener Alf Ingve Berntsen tok grep i pausa. Gjorde tre bytter og gjorde ein liten justering på formasjonen. Laget hans var ikkje til å kjenna igjen frå den første omgangen, heimelaget fekk gjestene til å sjå middelmådige ut i periodar, Frøyland skapte fleire halvsjansar. Etter kvart kom ei fortjent redusering signert innbyttar Berge Ohm. Heimelaget såg ut til å koma tilbake i kampen, men litt i mot spelets gang fekk Rosseland full uttelling på ei kontring. Einar Tunheim Lye avslutta meisterleg i krysstanga og inn, 1-3 med eit kvarter igjen. Frøyland-håpet slukte med 1-3, men nesten tre minutt på overtid fekk Frøyland 2-3 heilt ut av det blå etter ein gedigen forsvarstabbe. Kvittrøyene kasta alt i angrep i håp om å ta nok ein skalp mot dei oransje, men i staden for 3-3, brukte Truls Sælevik Vagle ro, erfaring og kløkt då ha lyfta ballen i tomt mål nesten seks minutt på overtid. 2-4 og ein svært etterlengta siger. |