Einar Lye ga Rosseland leiinga etter 11 minutt. Midtbaneeleganten kom pÄ overlap pÄ venstrekanten og skaut ballen i mÄl via eit Brusand-bein. Minuttet etter dobla heimelaget leiinga dÄ Andreas Time fekk kjempetreff pÄ hÞgrekanten. Brusand skapte ingenting framover og hadde meir enn nok med Ä halda Sondre Hovland borte frÄ mÄl. Det gjekk berre sÄnn passe. I lÞpet av ein halvtime var Rosseland sin toppscorer frampÄ ved tre hÞve. Kristen Reime, Ola Selliken og Herman Rasmussen sette opp Hovland pÄ 3-0, 4-0 og 5-1. Brusand rakk Ä redusera til 4-1 rett etter pause dÄ eit frispark, signert Daniel Skretting, gjekk rett i mÄl frÄ 25 meter. Innbyttar Even Aasen stod for eit fyrverkeri av ei skoring dÄ han sette fart, dribla seg forbi halve Brusand, og sette ballen utagbart i mÄl eit kvarter fÞr slutt. Aasen hadde sjansar til Ä scora fleire, men kampen ebba ut med 6-1. |