Bryne II gjekk ut høgt tempo mot dei ubeseira gjestene, men vart hardt straffa på kontringar. Hurtigtoget Kristen Reime gjorde livet surt for Bryneforsvaret og Sem Aleksander Bergene, då han kontra inn 0-1 og 0-2 i løpet av opningskvarteret. Bakover, i motsatt ende, stengde Oscar Gåsland buret, og sørga for at gjestene leia til pause. Truls Vagle hadde sjansen til å auka til 0-3 rett før halvspelt omgang, men tidlegare lagkompis, Bergene, redda straffesparket på flott vis.Ein fartsfull førsteomgang var avløyst av ein litt rolegare andre. Rosseland hadde meir ball etter kvilen og slapp ikkje heimelaget til føre mål. Då Peter Aarrestad Time styrde inn ein ny corner med pannebrasken, for tredje kamp på rad, såg dei stadig yngre brynejuniorane ut til å mista motet. Rosseland skapte fleire store sjansar, og fekk to scoringar annullerte for offside. Eit par minutt før slutt fekk Bryne II sitt trøystemål, men sigeren var aldri truga. |