Heimelaget vann målvalget og starta kampen med vinden i ryggen. Rosseland køyrde kampen frå start og hadde to svære målsjansar før det det var spelt fem minutt. Sondre Dvergsdal stod i vegen for Sondre Hovland og Einar Lye, men måtte etterkvart gje tapt då kaptein Time steig til vers på corner etter ti minutt.Dei oransje fortsette å køyre kampen, Varhaug hadde meier enn nok med å forsvare seg. Midtvegs i omgangen dobla Einar Lye til 2-0 på eit flott langskot. Lye, som kom heim frå eit kortare USA-opphald på kampdagen, vart fortent kåra til banens beste.Rett før pause, i ein litt betre Varhaug-periode, såg dommer Sigbjørn Paulsen noko som ikkje mange andre såg. Han meinte Truls Vagle upressa hadde handsa med vilje i eige straffefelt, og dermed fekk Ovar Undheim Høyland ein gratis sjanse frå straffemerket. 2-1 til pause hadde Varhaug mest grunn til å vera nøgde med.
Andreomgang var ein stillingskrig i starten. Ingen av laga makta å skapa farlege sjansar, det meste av spelet var balltrilling i forsvar eller kriging på midtbana. Heimelaget blei etterkvart springande meir etter ballen og rota den raskt bort då dei fekk kontroll. Kreftene tok slutt, fleire fekk krampe og Varhaug hadde mest å by på mot slutten. Fleire gonger kom dei rundt på høgrekanten, og ved eit høve fekk Narve Bø stå umarkert å heada ballen i tomt mål.På 2-2 hadde begge lag sjansar til å avgjere og ta alle poenga, innbyttar Vetle Hovland var nærmast då avslutninga vart redda i stolpen. Varhaug fortente minst eit poeng etter ein god andreomgang, 2-2 var eit resultat Rosseland alt i alt kan vera nøgde med. Avstanden på tabellen forblir fem poeng mellom laga, og Sola har fått ei to poengs luke i tet. |