Rosseland mangla nokre av dei vanlege navna i startellevaren fredag, mellom anna matchvinnaren frÄ mÞtet i vÄr, Truls Vagle. Dei oransje var litt tamme og bakpÄ i det som normalt er eit intenst lokalderby mot FrÞyland. Gjestene gjekk i strupen pÄ Rosseland frÄ start og fekk betalt allereie etter fem minutt dÄ Tron Olav Kleppa skifta retning pÄ eit godt frispark. 0-1. Med Rune Bore tilbake i storform, var FrÞyland det klart beste laget dei fÞrste 20 minutta. DÄ tok Rosseland tak og kjempa seg tilbake i kampen. Einar Lye og Vetle Apneseth tok tak pÄ midten og var gode med ballen og i duellspelet. Heimelaget fekk meir tru eige angrepsspel, men dei heilt store sjansane uteblei fÞr Kristen Reime fekk ein eventyrleg mÄlsjanse rett fÞr pause. Ballen sklei av foten pÄ det vÄte fÞret, dermed 0-0 ved sidebytte. Etter pause fortsette heimelaget der dei slapp. Kantspelarane tok meir tak begge veier, og laget spelte seg til fleire gode sjansar. Det mÄtte ein dÞdball til fÞr utlikninga kom, som ofte fÞr tok kaptein Peter Time ansvar etter corner. Det tok fire minutt til fÞr laget gjekk opp i leiinga. Imre Aune kom rundt pÄ kanten og fann Sondre Hovland pÄ bakre stolpe 2-1! Det siste kvarteret stod kampen Ä vippa. Begge lag har sjansar til Ä scora, FrÞyland var nÊrmast med tverrleggertreff. Gjestene hadde kanskje fortent noko etter den gode fÞrste omgangen, men Rosseland stod i mot og tok tre sterke og ganske sÄ fortente poeng. Rosseland har historisk sett hatt dÄrleg tak pÄ FrÞyland, men i Är har det blitt seks poeng etter to jamne kampar. |