Heimelaget måtte gjere mange endringar frå laget som tapte mot Sola sist. Karantener, sjukdom og jobb gjorde at Kai Ove Stokkeland måtte stokke om i alle lagdelar mot Vardeneset.
Heimelaget var uvant tamme i duellane, og løpsmaskinen Ola Selliken var sterkt sakna på midtbana. Vardeneset var som venta tunge på dødball og gode i bakrom, Tasta-laget straffa Rosseland hardt før pause. Ei perle frå Kristen Reime reduserte for heimelaget, men dei oransje var uvanleg ineffektive på eige kunstgras.Med 1-3 hadde Rosseland ein tung jobb etter kvilen, men laget jobba seg sakte men sikkert inn i kampen. Andreas Aarrestad Time sette inn 2-3, medan banens beste Kristen Reime sørga for balanse.
Einar Lye krangla inn 4-3, men dommeren annullerte til stor undring frå dei fleste på og utanfor banen.Dermed endte årets siste kamp med 3-3 og uavgjort mot eit ganske bra Vardeneset-lag. Rosseland er ubeseira på eige kunstgras denne sesongen og kunne feire at begge sesongmåla vart innfridd; 1. runde i cupen og ein betre tabellplassering enn året før. |