Rosseland tok i mot Staal Jørpelands sitt A-lag for første gong sidan 2001-sesongen. Det var divisjonsforskjell i første omgang av årets første treningskamp på Rosselandsbanen. Fjerdedivisjonslaget Rosseland valsa rundt med tredjedivisjonslaget Staal Jørpeland. Dei oransje varta opp med fleire praktangrep og ga seg ikkje før det stod 5-0 på lystavla.
Andre omgang vart meir jamn. Begge lag gjorde ein del bytte og gjestene kom etterkvart til nokre gode sjansar. Fleire scoringar vart det likevel ikkje, og kampen enda med femmålssiger til heimelaget. Einar Lye, Vetle Hovland og Anders Espeland var strålande for heimelaget. |