I den nest siste kampen før ferien var det Frøyland som tok leiinga. Heimelaget utnytta eit balltap og fossa i angrep. Espen Ravndal sette ballen under Anders Espeland.
Rosseland slo tilbake ikkje lenge etter. Imre Aune avslutta eit flott angrep via stolpe og keeper, 1-1 var ikkje meir enn Rosseland fortente etter spel og sjansar. Fleire mål kom det aldri i kampen. To gode lag, som ser fram mot ferie, sleit med å skapa store sjansar. Duellane var likevel tøffe og nerva var til stades, slik det skal vere i lokalderby.
Med 1-1 sneik opprykksjagande Åkra seg forbi Rosseland og Frøyland på tabellen. Suverene Torvastad kjem til Rosseland laurdag neste veke.
Peter Time, Jarle Madland og Ola Mæland imponerte mest for dei oransje. Herman Rugland gjorde eit minicomeback i Einar Lyes karantene-fråver. |