Heimelaget var store favorittar mot Andreas Ulland Andersen sitt lag. Sondre Hovland, Vetle Hovland og Kristen Reime hadde gode sjansar til å score, men skota gjekk over mål eller så varta keeper opp med gode redningar. Mot spelets gang var det gjestene som endra resultattavla først. Gleda var stor hjå laget som kjempar på nedre halvdel på tabellen, men kortvarig. To minutt etter opningsmålet var Vetle Hovland frampå pg heada inn frå kort hold. Svært fortent! Rett før pause sette Einar Utvik ut bakenden og krysstakla Sondre Hovland. AIL-stopparen kunne fått sitt andre gule på få minutt, Rosseland måtte nøye seg med frispark. Frå rundt 18 meter skaut Einar rundt muren, 2-1 til pause!
I andre omgang var det klasseforskjell på laga. Heimelaget var meir nøyaktige og spelte tidvis god fotball. Men mange scoringar vart det ikkje. Einar Lye, Øyvind Braaten og Sondre Hovland hadde gigantiske sjansar til å pynta på resultatet, men det blei med den eine scoringa til Kristen Reime fem minutt ut i omgangen. Øyvind Braaten og Eskil Tjåland gjorde gode innhopp på kantane, Karl Nesse Wiig var stødig på venstrebacken.
Kaptein Peter Time vart kåra til Rosselands beste av ein lokal jury. |