Kåsen låg godt defensivt og tok dei kontringane dei fekk. Hans Braut og Joachin Primstad skapte uro i RBK-forsvaret, men då sjansane baud seg stoppa nettveggen eller Steffen Bolme forsøka. Rosseland hadde og store sjansar ved Kristen Reime og Vetle Hovland, men det var mållaust til pause.
Sjansane aukte i antal etter kvilen. Sondre Hovland kom etter kvart inn på topp medan Vetle Hovland vart trekt tilbake i forsvar. Rosseland tok meir og meir over, og i det 78. minuttet greide endeleg Einar Lye å krangle ballen i mål. Fortent nok, men Kåsen var åleine med keeper rett før dei oransje tok leiinga.
Målfesten frå i vår glimra med sitt fråver, men dramatisk vart det då heimelaget fekk tildelt eit svært billeg straffespark. Sindre Tjøtta utlikna frå merket og ga Kåsen håp i nedrykksstriden, men gleda vart kortvarig. Peter Time vart sendt fram som oppspelspunkt og for å laga kaos i Kåsen-forsvaret, det bar frukter. Eit minutt på overtid dukka banens gigant Einar Tunheim Lye opp på nytt og ekspederte inn 1-2 liggande på Kåsen-graset. Då Sondre Hovland vart meia ned av Kåsens gode keeper minuttet seinare, fekk Tunheim fullføra hat tricket frå straffemerket. 1-3, tre nye poeng og den åttande sigeren på rad! |