Rosseland festa grepet om andreplassen, og sementerte posisjonen som Jærens nest beste seniorlag. Heimelaget var klart best mot Frøyland, men fekk ikkje ballen i mål. Dei oransje har slite litt med uttellinga etter at Sondre Hovland vart skada i semifinalen i Rogalandscupen, årets siste heimekamp var årets første utan nettkjenning.
Også gjestene hadde eit par gode målsjansar, men Steffen Bolme ordna opp på forsøka frå toppscorer Anders Haugen. Med 0-0 i sesongens siste heimekamp har Rosseland tre poeng ned til Åkra og tre mål betre målforskjell før seriefinalen mot Torvastad.
Vetle Hovland storspelte som midtstoppar og seinare midtspiss og vart kåra til banens beste. |