Årets første teljande kamp stod i fare for å bli avlyst, men Kåsen og Rosseland barka saman som planlagt med 26 m/s vind i kasta.
Heimelagets veteran Sindre Valstad Tjøtta sette straffa før kampen, heimelaget hadde og gode sjansar til å auka leiinga det første kvarteret. Rosseland hadde kraftig medvind i den første omgangen, men var ikkje spesielt gode eller presise. Då lyktes dei betre med å vera direkte. Jarle Madland nytta medvinden maksimalt då han hamra inn 1-1 frå 35 meter! 1-2 kom etter same oppskrift. Einar Lye hamra ballen i medvinden, traff tverrlegger, men Sondre Hovland var på plass å sette returen i mål.
Hovland var ein av to som ikkje kom ut til andre omgang. Leander Egeland og Øyvind Braaten kom inn og bidrog til ro og meir spel etter kvilen. Det var likevel gjestene som skora først. På dødball. Rosseland klarerte av ein eller annan grunn ikkje redninga til Steffen Bolme, Ingve Fintland kunne dermed setja 2-2 i tomt mål.
Rosseland heldt meir i ballen og var tidvis gode i motvinden. Kristen Reime kom inn på kanten og skapte masse uro i forsvaret til heimelaget. Etter eit minutt på banen sendte han Rosseland føre med 2-3, minutter seinare avgjorde han på mange måter med 2-4 på eit lekkert langskot.
2-5 kom på corner, som ofte før var Peter Aarrestad Time siste Rosseland-spelar på ballen. |