Etter eit visst Madla-press dei første minutta, var det heimelaget som dominerte på Rosselandsbanen. Hurtige angrepsspelarar stressa gjestene, og Geir Dahle Høyland kunne enkelt setja inn 1-0 etter retur ti minutt ut i kampen. Dei omlag 250 frammøtte venta at Madla skulle slå tilbake, men det kom aldri nokre store sjansar frå dei blåkledde. 1-0 til pause var fullt fortent, men leiinga kunne vore større ut frå antall målsjansar.
Etter pause tok Rosseland betre vare på sjansane. Medan fleire forsvarar kava med å leggja kaptein Aarrestad i bakken, fekk Sondre Hovland gå opp fritt og heada Truls Vagle sin presise dødball i mål. 2-0! Madla kom ettarkvart meir med i kampen og fekk blod på tann då eit langskot sneik seg inn i hjørnet. Men Rosseland svara umiddelbart. Geir Høyland fann Vetle Apneseth på venstrevingen. På lekkert vis drog han seg fri og la ballen i lengste hjørne, 3-1! Heimelaget hadde god kontroll i 85 minutt, så vart det litt kaos på slutten. Eit utspel frå keeper havna plutseleg i beina til Ali Memed, som fekk ein enkel jobb med å redusera. Reduseringa vart kun eit skremmeskot for heimelaget, sjølv om Rosseland måtte finna fram kynismekortet for å få tida til å gå i tilleggstida. 3-2 og eit fortent avansement til den andre kvalikrunden i NM. Rosseland var langt betre enn Madla i store deler av kampen. Nykomar Olav Aske spelte ein stor kamp på høgrebacken, medan Geir Dahle Høyland noterte seg skoring og assist som offensiv midtbanespelar. |