Rosseland tok oppskriftsmessig leiinga heime mot Klepp laurdag. Albert Tjåland var nådelaus då han fekk sjansen etter fem minutt.
Heimelaget skapte mykje, men sleit litt med å setja ballen i mål. Rett før pause ordna det seg då Jacob Berland fekk kjempetreff på det som kanskje var meint som eit innlegg.
I motvinden etter pause var heimelaget meir effektive. Kristen Reime utnytta ei svak klarering, medan Sondre Hovland ordna 4-0 på eigahand.
Tilløp til dramatikk vart det då Steffen Bolme bomma på ballen og stoppa ein kleppspeler på ulovleg vis som bakerste mann. Raudt kort og frispark i farleg posisjon. Reserve Anders Espeland heldt, på same måte som Bolme, buret reint, og sørga for ny smultring.
vein-Arne Monsen fekk dei siste 20 minutta etter langt skadeavbrekk, og fekk også oppleva å dela speletid med sonen Marcus (14). Saman med lagkompis Samuel Yacob på G-15-laget, fekk Monsen jr. debuten i teljande kamp. Og han var ikkje snauare enn at han skora i seriedebuten! Einar Lye utnytta ein forsvarsfeil og ga den unge debutanten sjansen til å knappa innpå Svein-Arne sine 199 A-lagsmål. 5-0 og tre av tre sigrar mot lokale rivalar. |