Heimelaget var klart best før pause. Eit flott skot frå Kristen Reime sendte heimelaget i leiinga, ein strafferetur frå Einar Lye sørga for 2-0 til pause. Leiinga kunne fort vore større, Rosseland dominerte med høgt tempo og godt pasningsspel på den regnvåte matta.
Ein flott omgang vart avløyst av ein tammare forestilling etter kvilen. Ålgård sette inn Marius Medalen som oppspelspunkt og vart meir direkte. Gjestene tok tak i kampen og pressa heimelaget tilbake. Til slutt kom skoringa etter ein retur.
Ålgård kjempa for utlikning, men vart redusert til ti mann før dei hektiske sluttminutta. Rosseland fullførte kampen med stil, sjølv om det vart ein del rot og rare valg mot slutten. 2-1 og vidare til tredje runde smakar godt mot eit tidvis friskt Ålgård-lag. |