Toppopgjeret vart alt anna enn jamnt spelemessig, men resultatmessig levde oppgjeret til rett før full tid. Rosseland stanga og stanga, Hana-keeperen redda og redda. Så, mot spelets gang tok heimelaget leiinga på lagets første og einaste målsjanse. 1-0 signert Eirik Larsson.
Gjestene fortsette å bombardere Hana-målet, men Morten Helmen var i storslag fram til også han måtte gje tapt. Eit skot frå Truls Vagle skapte velfortent balanse på resultattavla til pause, men Rosseland burde strengt tatt ha avgjort kampen.
Kanonaden fortsette etter sidebyttet. Albert Tjåland, Gabriel Time og Einar Lye hadde alle gode sjanser. Til slutt var det Jarle Madland som fekk nettsus etter ei heading på dødball. 1-2 og superfortent leiing.
Hana skal ha for at dei aldri ga opp, og for godt keeperspel. Sjølv når keeper var utspelt og målet var opent svikta Rosseland i å punktera kampen. RBK-tilskodarane, som var i fleirtall på tribunen mot slutten, måtte venta heilt til det 90. minuttet før spikeren i kista vart sett inn. Innbyttar Gabriel Time sette opp Einar Tunheim Lye, som åleine med keeper kunne punktere kampen. 1-3, ikkje eit mål for lite, men game over. |