Rosseland starta klart best mot det som såg ut som eit svært nervøst Varhaug-lag. To feite sjansar i løpet av dei første minutta vart ikkje omsett i skoring, men dei oransje fortsette å pressa heimelaget i starten av kampen. Målet kom aldri, og Varhaug fekk etterkvart lov og lyst til å trilla ball. Sjølvtillitten auka gradvis, og utover i omgangen var det heimelaget som hadde mest ball.
Ola Mæland måtte ut med det som såg ut som ein strekkskade, og sjølv om Eskil Tjåland gjorde eit godt innhopp, blei gjestene si pressevne og løpskraft betydeleg svekka.
Tjåland var sist i ballen då Varhaug tok leiinga og sjølvmålet vart til slutt forskjellen på laga. Albert Tjåland hadde eit skot i stolpen, og Peter Time var farleg frampå på slutten, men kampen endte 1-0 til Varhaug. Dermed er Hå-laget føre Rosseland på tabellen på målforskjell. |