Etter å ha banka Riska 4-0 på heimebane torsdag, stod lokalderby mot brynerekruttane for tur måndag. Ungutane i raudt var gode når ballen gjekk fort, men kom til kort i duellspelet. To nye kunstmål av Albert Braut Tjåland, ei flott heading av Vetle Svalestad Hovland og ein lobb signert Einar Tunheim Lye sørga for 0-4 før Jarand Østrem styrte inn eit trøystemål på overtid. Dei oransje er tilbake på tabelltopp etter ein flott levert bortekamp. |