Albert Braut Tjåland skora sitt 25,26 og 27 seriemål mot Hana torsdag, i seriekamp nummer 17. Det gjer eit ganske absurd målsnitt på 1,35 skoringar pr kamp. Rosseland har ikkje hatt ein meir effektiv spiss sidan Svein Høgemark herja i 1996-sesongen. "Postmannen" enda opp med 49 mål i alle turneringar, men hadde 31 mål på 19 seriekampar.
Sjølv om Braut Tjåland, som postmannen, leverer på bestilling, var kampen mot eit godt Hana-lag først og fremst ein lagsiger. Frå fløyta gjekk frå første gong til pause, leverte dei oransje ein heseblesande omgang kollektivt. Tøffe i duellspelet, raske i overgangane og mykje godt pasningsspel.
Robert Undheim trong eit par angrep for å venda seg til Rosseland sitt angrepsspel, men krona til slutt ein flott omgang med skoring i debuten. Bakover var det solid over heile linja. Dei få ballane Einar Lye ikkje greide å springa opp, hadde Peter Time, Vetle Hovland, Jarle Madland og Even Aasen full kontroll på.
Andre omgang starta og friskt. 4-0 kom ganske tidleg, Rosseland hadde gode sjansar til å auka. Ola Mæland kom inn og storspelte til Hana-forsvararane sin store fortvilelse. Dei gule heiv seg føre ballen og inn kroppen for å stoppa innbyttaren. Til slutt rant det over for Mæland, som fekk sjå det raude kortet etter ein spontanreaksjon.
Redusert til ti mann var ikkje Rosseland like farlege, på slutten handla det om å halde nullen bakover. Steffen Bolme vart ikkje sett på mange prøver og kampen enda 4-0. |