Kaptein Peter Time sørga for 1-0 på klassisk vis då han steig til vers etter ein kort corner tidleg i kampen. Bursdagsbarnet Ola Mæland (25) dobla leiinga like etter. Eiger reduserte på ein av sine få målsjanser i kampen. Eiger heva seg etter skoringa, men mot slutten av omgangen fiksa Geir Dahle Høyland 3-1 og 4-1 i løpet av to minutt. Etter pause leverte Albert Braut Tjåland eit nytt hattrick. Seriemål 30., 31. og 32. i den 19. serierunden er historiske tal i Rosseland-samanheng. Svein Høgemark skora 31 på 19 seriekamper i 1996.
Rosseland har tre kamper igjen av sesongen og har berre eit poengtap så langt. Det held førebels til andreplass på tabellen. |