Rosseland hadde berre møtt A-laget til Ålgård i tre sesonger tidlegare. Tap i 1987, uavgjort i 2000 og 0-3-tap på Nye Ålgård stadion i 2021.
Det såg lenge “småspødje” ut på det fjerde forsøket. Heimelaget hadde ein klar kampplan og hadde hyra inn Marius Medalen som murbrekkar. Rosseland var klart best, hadde mykje ball og skapte store målsjansar, men ballen ville ikkje inn i mål. Då Medalen skora på heimelaget sitt første skot på mål, var det på alle måtar mot spelets gang.
Rosseland slo tilbake direkte. Ola Mæland sørga for 1-1 til pause etter eit flott angrep.
Pausepraten var prega av optimise, dei oransje hadde levert ein god omgang utan å ha fått betalt.
Det fekk dei i andre omgang. Geir Høyland banka inn 1-2, Vetle Hovland var like nådelaus minuttet etter. Då Albert Braut Tjåland leika inn 1-4 og 1-5 vart det berre snakk om kor stor sigeren ville bli.
Olav Aske avslutta ballet med 1-6, men både Robert Undheim og Albert Braut Tjåland hadde store sjansar til å skora fleire. |