I underkant av 100 sjeler hadde funne vegen til Rosselandsbanen for å sjå årets siste heimekamp. Dei få som møtte opp i haustkjølen fekk sjå eit heimelaget som køyrde over gjestene frå Sandnes frå første minutt. Laget skapte mange sjansar og sette omlag halvparten før pause. 6-0, kunne fort vore 12-0.
Med sigeren sikra vart ikkje kvaliteten og intensiteten like god etter kvilen. Dei siste 45 minutta på Rosselandsbanen i år var nesten som eit pliktløp å rekna. Omgangen enda 3-2, etter at nedrykksklare Sandved utnytta dalande konsentrasjon i dei bakre rekker. Kampen enda 9-2.
Albert Braut Tjåland, Ola Mæland, Vetle Svalestad Hovland og Truls Sælevik Vagle skora to, Jarle Madland sette inn eit. To innslupne har ikkje vore vanleg kost på heimebane denne sesongen, det er berre Frøyland som har fått to forbi rosselandskeeperen på Rosselandsbanen før Sandved. Det er og andre gong denne sesongen at Rosseland skorar ni gonger, første gong var borte mot SIF. Totalt har det blitt 53 skoringar for og åtte i mot på elleve seriekampar på Rosslandsbanen. |