Gjestene tok kommandoen frå start i årets siste kamp. Utan Einar T. Lye, som var ute med karantene, måtte andre la springejobben på midtbana. Vetle Hovland vikarierte med raske bein, og det tok berre eit par-tre minutt før Rosseland var i leiinga. Som ofte før kunne Albert Braut Tjåland setja ballen over målstreken. Ganddal låg djupt og forsvarte seg godt i boksen, men 0-2 signert Robert Undheim ga gjestene arbeidsro. Rosseland burde ha leia mykje meir til pause, men Truls Vagle sitt kunststykke på overtid frå midtstreken til 0-3 var verdt å vente på.
Albert Braut Tjåland skora to gonger til, med sitt sjette hat trick for sesongen sørga han for 1-5 og 1-7. Robert Undheim ville ikkje vera dårlegare. Han auka til 1-4 og 1-6 og fekk, det han sjølv påstår var det første hat tricket i teljande kamp. 1-6-målet var Rosselands 100 skoring i årets serie. Ein ny milepæl i serien av rekordar. Ola Mæland og innbyttar Inge Pettersen auka til 1-8 og 1-9. Rosseland var svært nær 10 skoringar og Albert Braut Tjåland var enormt nær sitt fjerde. Totalt enda spisstalentet med 39 serieskoringar på 22 kamper, det er det nesten umogleg å kopiera på dette nivået.
63 av 66 poeng heldt til andreplass på tabellen. Rosseland har skora færre mål enn Varhaug og kan dermed sjå fram til ein ny sesong i fjerdedivisjon. |