Rosseland var best i begge omgangane mot Hinna torsdag. Gjestene frå Bryne gjekk hardt ut og pressa heimelaget bakover, men makta ikkje å skora på ein svært god Hinna-keeper.
Heimelaget var meir effektive. Etter eit kvarter fekk dei tre sjanser då Rosseland ikkje makta å klarera. Det tredje forsøket gjekk i mål. Hinna leia noko ufortent 2-0 til pause, den andre skoringa var eit direkte frispark frå ca. 25 meter.
Truls Vagle og Even Aasen ga seg i pause, inn kom Einar T. Lye og Kasper Mæland. Begge tok del i ein snuoperasjon på drygt fem minutt. Fjorårets suverene toppskorar, Albert Braut Tjåland, ordna 2-1 og 2-2 på sedvanleg Braut Tjåland-vis. Rosseland fortsette presset og Hinna sleit med å stå i mot.
Ola Mæland fekk avslutte åleine med keeper, før han vart meia ned av sisteskansen, men høgrekanten fekk ikkje straffe. Kampen hardna til med mange harde duellar, nokre gule kort, men det vart aldri veldig stygt.
Begge lag kom til sjansar på slutten, Rosseland skapte mest. Robert Undheim var nest sist på ballen då ein Hinna-spelar vart pressa til å setje ballen i eige mål sju minutt før full tid. Dermed 2-3 og eit godt comeback i årets andre treningskamp.
Ville Aune kom inn til Rosseland-debuten eit år og tre månader etter at han gjekk frå raudt til oransje drakt. |