Treningskampen mellom Rosseland og Varhaug vart ei god treningsøkt for begge lag. Rosseland fekk øva på å bryta ned lågtliggande lag, og eit svekka Varhaug-lag fekk øva på å ligga lågt og kontra.
Det gjorde gjestene bra. Laget forsvarte seg godt og var farlege på kontringar. Dødballskoringa til Lars Trygve Madland vart det einaste i første omgang. Rosseland fekk ein del rom, spesielt på kantane. Robert Undheim og Kasper Mæland skapte mykje på venstrekanten. Sondre Hovland og Albert Braut Tjåland truga meir sentralt i banen og skapte ein del sjansar.
Rosseland var ikkje like effektive som gjestene. Ein god keeper i Danielsen og ei rekke skot over målet gjorde at Varhaug var føre til pause.
Ein frisk Kristen Reime kunne ha skora eit par gonger rett etter pause, men det var Vetle Svalestad Hovland som fekk nettsus først for heimelaget. Peter Time Aarrestad sitt forsøk på corner vart redda, Hovland sette returen i mål.
Sett bort frå Narve Bø sin store sjanse åleine med keeper Steffen Bolme, hadde ikkje gjestene mykje å by på framover. Men Varhaug stod godt i forsvar med dei spelarane dei hadde tilgjengeleg og det såg ut som kampen skulle enda uavgjort.
Så, etter 93 kalde, våte, minutt, tok Albert Braut Tjåland ansvar. Etter ein frekk vegg med innbyttar Ville Aune, curla Tjåland ballen i stolpen før han var først på eigen retur. 2-1 og fullt fortent siger. |