Det var ikkje veldig synleg divisjonsforskjell då Rosseland tok i mot Brodd til treningskamp måndag. Heimelaget spelte litt meir direkte og nokre fleire lange ballar enn vanleg, men skapte minst like mange farlege sjansar som gjestene frå Storhaug. Grønntrøyene tok føringa midtvegs i første omgang, litt mot spelets gang. Heimelaget kjempe seg inn i kampen og fekk ei fortent utlikning signert Robert Undheim rett før pause.
Brodd tok leiinga igjen eit kvarter ut i andre omgang, men igjen kjempa Rosseland seg tilbake i kampen. Albert Braut Tjåland stanga inn 2-2 etter eit mønsterangrep. Rosseland hadde fleire sjansar til å avgjere, Brodd var heller ikkje ufarlege. Kampen tikka mot uavgjort, men Brodd hadde ei siste skoring i seg rett før dommaren avslutta kampen.
Tempoet i kampen var litt høgare enn vanleg, og ekstremt mykje høgare enn i onsdagens cupkamp mot Hovsherad. Geir Dahle Høyland storspelte som midtstoppar i Peter Aarrestad Time sitt fråver og Ola Mæland var ein konstant trussel på høgrekanten. Samtlege la ned mange meter, Einar Tunheim Lye og Sondre Hovland på midten var kanskje dei som sprang mest og var best. Albert Braut Tjåland og Robert Undheim herja tidvis med Brodd-forsvaret, men det blei med kvar si skoring for duoen. Forsvaret var solid, 15-åringen Stig Hodne Tveit klarte seg godt på høgrebacken i sin andre A-lagskamp frå start. |