Rosseland sleit med å omsetje sjansane i det dunkle flomlyset på Bakkebø. Albert Braut Tjåland traff tverrleggeren etter 25 minutt og det gjekk meir enn ein halv time før oransjetrøyene fekk nettkjenning mot Lund-laget. Det var Andreas Aarrestad Time som fekk krangla ballen over streken. Thrana hadde også ein gigasjanse, men sette ballen over frå 2–3 meter. Sjølv om Hovsherad hadde null sjanser, gjekk Rosseland til pause eitt mål bak dei gule.Andre omgang starta litt som den første. Rosseland la eit massivt press, medan heimelaget desperat klarerte utan å prøve å vinne ballen attende. Kreftene tok etter kvart slutt for dei gulkledde, og då Albert Braut Tjåland fekk straffespark etter ein hands såg Rosseland seg ikkje tilbake. 2–2: Sikkert straffespark frå Braut Tjåland. 2-3: Johannes Ho Hetland Thrana - 24-åringens første teljande mål i oransje. 2-4: Albert Braut Tjåland - iskald åleine med keeper. 2-5: Goalgetter-skoring av kaptein og midtstoppar Peter Aarrestad Time, etter flott forarbeid av Sondre Hovland. 2-6: Peter Time serverte. Innbyttar Geir Dahle Høyland fekk tid til å sikte og skåre. 2-7: Inge Andreas Pettersen kom inn og fastsette sluttresultatet. |