Nyopprykka EIK 2 ga Rosseland overraskande god kamp i regnbygene på Rosselandsbanen i den siste treningskampen før alvoret startar. Stian Hunnestad sine utvalde kom til eit par verkeleg store sjansar, men Steffen Bolme stengte buret. For Rosseland blei starten litt rotete og rytmen forsvann då Robert Undheim måtte gje seg med muskelskade. Heimelaget tok leiinga litt mot spelets gang. Johannes Thrana oppfatta at keeper var langt ute og lobba ballen i tomt mål. Albert Braut Tjåland hadde ein enorm sjansen til å auke leiinga, men det var gjestene som skulle skore det neste målet. Steffen Bolme var uheldig og felte Olliver Noreng. Den lovande EIK-spissen sette sjølv straffesparket i mål. Etter utlikninga vakna heimelaget. Geir Dahle Høyland skora to flotte mål før pause.
I andre omgang heldt heimelaget gjestene inne i kampen på eigne tabbar bakover. Både 3-2, 4-3 og 5-4 var unødvendige feil som gjestene utnytta til fulle. Framover stemte det betre for heimelaget. Vetle Hovland skora to flotte mål i andre omgang før han vart sett ned i forsvar mot slutten av kampen.
Fire innslupne på heimebane har ikkje skjedd sidan 30. mai 2024, då Kåsen putta fire i 6-4-sigeren. |